Haydom

Reisebrev fra Kristen Fløgstad

Eg besøkte Haydom 10 dagar tidleg i juni. Det er 25 år sidan det første besøket, og på desse åra har mye skjedd.

Kommunikasjonane har blitt mye lettare. Mobiltelefonen er blitt eit dagleg hjelpemiddel for mest alle med lønnsinntekt. Vegane blir også betre år for år. Dei siste åra har kinesarane og andre bygt ein solid veg frå Arusha sørover mot Dodoma. Det har blitt lettare å transportere både folk og varer, og det gjør at det er mogeleg å kjøre frå Arusha til Haydom på fem timar. Undervegs blir bilane stoppa fleire gonger i timen av kvitkledde trafikkpolitiar som skal sjekke dokument eller prøver å få litt ekstrapengar av bilistane. 

Dei siste åra har kinesiske motorsyklar blitt mye vanlege på vegane, noe som dessverre fører til mange ulykker. Bare i Haydom er det mange som har omkomme det siste året.

Folk flest i Tanzania er framleis avhengige av ver og nedbør for å skaffe seg eit utkomme. I år har det vore tørt fleire stader rundt Haydom, og det er trist å sjå uttørka mais- og solsikkeåkrar. Det er ofte lite skilje mellom gode og dårlege avlingar. På den store Mulbadaw-farmen fekk dei regn på eit kritisk tidspunkt etter full tørke i seks veker. Regnet gjorde at avlingane av kveite likevel blei gode og at det kan haustast over 4000 tonn. Det trengst 3 - 4 store lastebilar med tilhengarar til å kjøre dagleg kveite til Arusha i treskesesongen.

Framtida i Tanzania er noe usikker for tida. I oktober skal det haldast presidentval der ingen favoritt har peika seg ut. Tanzania ser ut til å gå inn i ein periode med auka statsinntekter, mellom anna vil store gassfelt komme i produksjon utanom sørkysten der Statoil er ein stor operatør. Det er mange som er spente på kva som vil skje då. Vil dei leiande politikarne klare å halde fingrane av fatet og klare å redusere korrupsjonen? Det er ei stor utfordring for den tanzanianske staten å skape ei god fordeling slik at inntektene når fram til utkantane og til Haydom Lutheran Hospital. 

04.07.15